Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Elever i gruppearbeid i klasserom

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje sal, service og reiseliv?

Hjå oss lærer du om sal, marknadsføring, innovasjon, tryggleik og reiseliv. Gjennom dette studie vil du få ei god teoretisk opplæring samstundes som du får testa ut det å være i praksis innanfor dette programområde. Vi fokuserar på innovasjon og nytenking for at vi saman skal gje gode vekstvilkår for utvikling av gode idear.

Les meir om faget på vilbli.no

Vi tilbyr

Våre lærare har høgt fokus på læring, trivsel, meistring og tryggleik. Dei er engasjerte og jobbar for å gjere deg som elev godt førebudd til læretida og eit seinare arbeid. Vi har eit godt samarbeid med det lokale næringslivet og bruker lokale butikksentre og bedrifter i undervisninga.

Etter vg1 sal, service og reiseliv kan du ta vg2 sal og reiseliv hjå oss.

Dette tilbudet finn du på skulestad Bildøy.

Søk skuleplass

Vg1 sal, service og reiseliv

Det fyrste året er likt for alle som går dette studiet og skal gje deg ei innføring i arbeidslivet og dei ulike faga. Du skal ut i praksis i bedrift og får moglegheit til å prøve dei ulike retningane du kan velje på Vg2.

Programfaga skal hjelpe deg til å forstå betydninga av service- og vertskapsrolla, og gi ei innføring i korleis det er å jobba med administrative og økonomiske oppgåver. Vidare lærar du om produktutvikling og tenesteyting som på ein måte som dekkjer dei behova kundane og samfunnet har.

Du lærer:

  • økonomisk og bærekraftig drift
  • om markedsføring, entreprenørskap og innovasjon
  • administrasjon og digitale verktøy
  • om reiseliv og turisme
  • kundebehandling og salg
  • planlegging og gjennomføring av sikkerhetstiltak

 

Vg2 sal og reiseliv

 

Vg2 sal og reiseliv handlar om å utvikle forståing for forretningsdrift, markedsføring, samarbeid og innovasjon. Du vil lære om å utforske arbeidsformar, teknologi og særtrekk frå reiselivs- og handelsnærina. Faget skal bidra til å skape gode reiselivs- og serviceopplevingar for ulike målgrupper. Du må kunne kartleggje din kunde/gjest og utvikle/tilby eit heilheitleg reiselivsprodukt tilpassa ynskjer og behov. Målet er å skape arbeidsplassar som kan bidra til bærekraftig utvikling og verdiskapning lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Du vil ha programfaga:

  • Næring (forretningsdrift) og utvikling
  • Markedsføring og innovasjon
  • Kultur og kommunikasjon

 

I yrkesfagleg fordjupning har du praksis i bedrift. Etter vg2 gjenstår 2 år som læring før du går opp til fagprøven og får fagbrev i salgsfaget eller reiselivsfaget.

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Her kan du lese meir om det å bli lærling

Om du ikkje vil søkje læreplass kan du også ta påbygg til generell studiekompetanse. Du får då studikompetanse og kan gå vidare på høgskule/universitet. Du kan også ta påbygg til generell studikompetanse etter du har tatt fagbrev.