Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

Elev som brukar sag

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg-og anleggsteknikk?

Har du pågangsmot, godt humør, er kreativ, har arbeidslyst og kunne tenkje deg ei utdanning med både teori og praktisk arbeid? Då er bygg- og anleggsteknikk faget for deg.  

Her lærer du å byggje og vedlikehalde bygningar og anlegg, og du får ein lærerik kvardag med varierande arbeidsoppgåver i ulike miljø.  Dette utdanningsprogrammet finn du på skulestad Skogsvåg i moderne og godt utstyrt lokale. 

 

Vi tilbyr

Vi har engasjerte og høgt utdanna lærarar og eit nært samarbeid mellom skule og bedriftar. Vi har ulike verkstadslokale tilgjengeleg; både tømrar-, mur-, betong- og røyrverkstad  

På vg2 kan du som elev hjå oss få høve til å delta i samarbeidsprosjekt med ein annan skule utanlands.  

Les meir om faget på vilbli.no

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

I løpet av det første skuleåret vil du lære om produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar.  

Yrker som bygger på bygg- og anleggsteknikk vg1 er svært mange. Du vil etter avslutta opplæring i skule eller bedrift kunne bli til dømes: 

  • Betongfagarbeidar, murar, tømrar, malar 
  • øyrleggar, blikkenslager, anleggsmaskinfører 
  • Industrimalar, feiar, anleggsgartnar 

 

Sjå oversikt over alle yrker og kompetansar på vilbli.no

På vg1 har du fellesfaga matematikk, naturfag, engelsk og kroppsøving 

 

Til nye elevar

Velkommen som elev på bygg- og anleggsteknikk på Sotra vgs!

I denne lenkja finn du informasjon om stipend, datamaskin og alt anna utstyr du treng til skulen»

Vg2 byggteknikk

På vg2 tek du skrittet vidare i den retninga du ønskjer. Hjå oss kan du spesialisere deg i følgjande yrke:  

  • Betongfagarbeidar  
  • Murar  
  • Tømrar 

Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid og tverrfaglege arbeidsoppgåver både på skulen og i nærmiljøet. På vg2 har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving 

Utveksling

På våren vil alle elevar på vg2 få tilbod om ei studiereise til Danmark og ein kan søkje om utveksling med vår samarbeidspartner Tech College i Aalborg. 

Ungt entrepenørskap

Ungt entreprenørskap er ei ungdomsbedrift der ein i løpet av eitt skuleår driv eit firma med ekte produkt, kundar, leverandørar og pengar. Hausten 2021 starta vi opp ungdomsbedrifta Grønn Tømrer, der berekraft og miljø danna føresetnad for framtidige bygg. I filmen under kan du få eit innblikk i kva elevane gjorde då dei hadde ungdomsbedrift.

Film fra ungdomsbedrifta Grønn Tømrer

Trykk på denne lenkja for å lese meir om ungt entreprenørskap

Elev som spikrar

Vegen vidare

Du kan etter skuletida hos oss søkje læreplass og få fagbrev. Les meir om det å verte lærling her: Bli lærling eller lærekandidat - Vestland fylkeskommune 

Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida som gjer deg kvalifisert til opptak på dei fleste videre studiar.