Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Lærar i samtale med elev

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Bilete av Sotra Arena

Skuleåret 2025/26 tilbyr vi:

  • Helsearbeidarfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne 
  • Helse og oppvekstfag vg1 for søkarar som skal videre til vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Køyretøy Vg2.
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget vg2

Studiespesialiserande/påbygg med faga: Norsk og 1 P og 2 P matematikk

Søk vidaregåande opplæring for vaksne her - søknadsfrist 1. mars

Du kan også søke etter søknadsfristen, men søknaden må ikkje komme seinare enn at vi får tid til å gi den ei forsvarleg behandling før start av opplæringa.

Modulstrukturert opplæring for vaksne

Modulstrukturert opplæring for vaksne

Fra 1. august 2024 vart det innført modulstrukturerte læreplanar for vaksne i grunnopplæringa. Modulstrukturert opplæring er ein måte å organisere opplæring fram mot fag- og sveinebrev. Det skal vere tilpassa, effektivt og fleksibelt, og tek utgangspunkt i den vaksne sine behov og livssituasjon. Hovudopplæringa vil skje meir i bedrift og mindre i skule.

Les meir om modulstrukturert opplæring for vaksne her

Meir søkelys på praktisk arbeid og livssituasjon i vaksenopplæringa

Bilde av figurar som illustrerar folk i ulike arbeidssituasjonar

Alle fagtilbod i Vestland

Dersom du ikkje finn faget du ønsker på sidene våre, kan du undersøke om det fins ved ein annan skule. Liste over alle fag i Vestland kan finn du ved å trykkje på lenka nedanfor.