Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Velkommen til oss!
Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for dei ungdommane som har behov for det. Kvar elevgruppe blir knytt opp mot eit utdanningsprogram.
Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av fag som vi kan sjå at eleven vil meistre.
Elevane får eit kompetansebevis ved avslutta skuletid, og det viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Ved skulestad Skogsvåg er klassen knytt opp mot restaurant og matfag, helse- og oppvekstfag og byggfag. Ved skulestad Bildøy er tilbudet knytt opp til programområdet restaurant og matfag.
Mål og formål
For våre elevar vektlegg vi å gje alle eit likeverdig tilbud. Vi set oss som mål at kvar og ein vil oppleva aktiv deltaking i skulekvardag og i samfunnet ellers.
Formålet er å gje elevane kompetanse i arbeidsliv og oppleve livsmestring.
Vil legg vekt på å sjå kvar enkelt elev som som han eller ho er, og stimulere kvar enkelt elev sine moglegheiter.
Det viktigaste for oss er menneskeverd og likeverd, og dette vert avspegla i undervisninga vår.
NB! Søknadsfrist for desse programområda er 1. februar