Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Sjå i denne videoen kva du kan forvente deg dersom du vel studiespesialisering på Sotra vgs!
Generell studiekompetanse betyr at du blir førebudd til å studere vidare på høgare utdanning. Trykk her for å lese om kva det betyr å vere studieførebudd.
Sotra vidaregåande skule er ein av to skular i landet som har ei teknologilinje. Studiespesialisering med teknologifag er ei spesiell linje for deg som ønskjer å fordjupe deg i realfaga allereie frå Vg1. Trykk her for å lese mer om dette
Skulen tilbyr også elevar på studiespesialisering å ta toppidrett eller breiddeidrett saman med elevane på idrettsfag heilt frå Vg1. De kan velje mellom toppfotball, topphåndball, toppturn og topp-individuelle idretter. De kan også velje breiddeball eller breiddefitness.
Trykk her for å lese meir om studiespesialiserande med topp/breidde
Fem gode grunnar til å velje studiespesialisering
På studiespesialisering får du ei brei forståing av ulike fagområde som matematikk, naturvitskap, samfunnsvitskap, språkfag og kulturfag. Det hjelper deg med å utvikle allsidige ferdigheiter som kritisk tenking, analytisk skriving og problemløysing.
Studiespesialisering er ei utmerka retning dersom du vil studere på universitet eller høgskule etter vidaregåande skule. På Sotra vidaregåande skule får du den faglege kompetansen som trengst for å studere ei rekkje studieretningar, og vi har sterkt fokus på å gjere elevane godt førebudd til høgare utdanning
Eit breitt spekter av karrieremoglegheiter ventar på deg etter at du er ferdig med studiespesialisering. Anten du vil bli sjukepleiar, advokat, lærar, forskar, lege, ingeniør eller noko heilt anna, gir studiespesialisering ei solid utdanning som du kan byggje vidare til ditt framtidige yrkesmål.
På Sotra vidaregåande skule møter du engasjerte og kompetente lærarar som ønskjer at du skal utforske dine interesser. Studiespesialisering kan utfordre deg intellektuelt og hjelpe deg med å utvikle ferdigheiter som til dømes sjølvdisiplin og tidsstyring.
Generell studiekompetanse gir deg moglegheit til å studere i utlandet. Dei fleste utanlandske universitet og høgskular anerkjenner studiespesialisering som opptakskrav.