Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje restaurant- og matfag?
Er du interessert i matlaging, kosthald og ernæring? Likar du å tilberede og servere mat? Då kan restaurant- og matfag vere faget for deg.
Dette er ei yrkesfagleg utdanning som fører frem til heile 12 ulike fagbrev.
Du vil lære om kosthald, næringsmidlar og ernæring, om tilbereding og servering av mat, korleis du skal behandle råvarer, mat og drikke og mykje meir.
Les meir om faget på vilbli.no
Vi tilbyr
Etter vg1 restaurant- og matfag kan du ta vg2 kokk og servitør her på skulen vår.
Vi har også vg1 restaurant- og matfag for tilrettelagte gruppar. Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy.
Les meir om tilbodet for tilrettelagte grupper her