Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar på biblioteket

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygging til generell studiekompetanse?

 

Vg3 og vg4 påbygging til generell studiekompetanse

Du kan begynne på påbyggingsåret rett etter vg2. Da begynner du på påbygg vg3. Du kan også begynne på påbyggingsåret etter å ha avlagt fag-/sveineprøve. Da begynner du på vg4.

Du får eit krevjande, men givande år. Faga på påbygg er krevande, og du må vere motivert for mykje teori.

Tar du påbyggingsåret etter å ha avlagt fag-/sveineprøve (vg4), treng du ikkje å ha kroppsøving eller programfag.

Når du har fullført året, har du vore gjennom dei same fellesfaga som elevane på studiespesialisering. Du får generell studiekompetanse og er dermed kvalifisert for opptak til høgare utdanning.

Vg3 påbygg tilbyr vi på skulestad Skogsvåg.

Vg4 påbygg tilbyr vi på skulestad Bildøy.

Les meir om faget på vilbli.no

Vegen vidare

Utdanningsprogrammet fører fram til generell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søke dei fleste studiar ved høgskular og universitet.