Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje elektro og datateknologi?
I dette faget treng ein logisk tenkjemåte og kreativitet, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikle nye produkt. Du vil få ei praktisk utdanning med utfordrande arbeidsoppgåver.
Her vil du lære om installasjon, vedlikehald og reparasjon av elektriske og elektroniske system.
Les meir om faget på vilbli.no
Etter vg1 elektro og datateknologi kan du her hjå oss velje mellom desse faga:
- vg2 elenergi
- vg2 automatisering
- vg3 automatiseringsfaget
Dette tilbodet finn du på skulestad Bildøy.