Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

Elev som brukar sag

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg-og anleggsteknikk?

Har du pågangsmot, godt humør, er kreativ, har arbeidslyst og kunne tenkje deg ei utdanning med både teori og praktisk arbeid? Liker du å samarbeide med andre? Då er bygg- og anleggsteknikk faget for deg.  

Her lærer du å byggje og vedlikehalde bygningar og anlegg, og du får ein lærerik kvardag med varierande arbeidsoppgåver i ulike miljø.  Dette utdanningsprogrammet finn du på skulestad Skogsvåg i moderne og godt utstyrt lokale. 

 

Vi tilbyr

Vi har engasjerte og høgt utdanna lærarar og eit nært samarbeid mellom skule og bedriftar. Vi har ulike verkstadslokale tilgjengeleg; både tømrar-, mur-, betong- og røyrverkstad  

På vg2 kan du som elev hjå oss få høve til å delta i samarbeidsprosjekt med ein annan skule utanlands.  

Les meir om faget på vilbli.no

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

I løpet av det første skuleåret vil du lære om produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. Opplæringa i felles programfag i bygg- og anleggsteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar.  

Yrker som bygger på bygg- og anleggsteknikk vg1 er svært mange. Du vil etter avslutta opplæring i skule eller bedrift kunne bli til dømes: 

  • Betongfagarbeidar, murar, tømrar, malar 
  • røyrleggar, blikkenslager, anleggsmaskinfører 
  • Industrimalar, feiar, anleggsgartnar 

 

Sjå oversikt over alle yrker og kompetansar på vilbli.no

På vg1 har du fellesfaga matematikk, naturfag, engelsk og kroppsøving 

 

Til nye elevar

Velkommen som elev på bygg- og anleggsteknikk på Sotra vgs!

I denne lenkja finn du inform

asjon om stipend, datamaskin og alt anna utstyr du treng til skulen»

Vg2 tømrar

På vg2 tømrar tek du steget vidare i den retninga du ønskjer. Etter vg2 tømrar kan du gå i lære i to år og ta sveinebrev i tømrarfaget.

Opplæringa i felles programfag på vg2 tømrar, legg vekt på å byggja og halda ved like konstruksjonar. Det blir lagde vekt på praktisk arbeid og tverrfaglege arbeidsoppgåver både på skulen og i bedrifter i nærmiljøet. På Vg2 har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

Vg2 betong og mur

På vg2 Betong og mur går du mot eitt av faga Betongfaget eller Murer- og flisleggjarfaget. Du kan gå i lære i to år og anten ta fagbrev i Betongfaget eller sveinebrev i Murer- og flisleggjarfaget.

Opplæringa i felles programfag på vg2 Betong og mur, legg vekt på å byggja konstruksjonar i betong og mur. I tillegg lærer du å leggja fliser på golv og vegger.

På vg2 har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

Utveksling

På våren vil alle elevar på vg2 få tilbod om ei studiereise til Danmark og ein kan søkje om utveksling med vår samarbeidspartner Tech College i Aalborg. 

 

 

Elev som spikrar

Vegen vidare

Du kan etter skuletida hos oss søkje læreplass og få fagbrev. Les meir om det å verte lærling her: Bli lærling eller lærekandidat - Vestland fylkeskommune 

Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida som gjer deg kvalifisert til opptak på dei fleste videre studiar.